Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Ledig stilling som konsulent

Ledig stilling som konsulent

Surnadal vidaregåande skole har frå 1.3.21 ei ledig 100% fast stilling som konsulent. 

Du vil vere ein av to merkantilt tilsette som skal jobbe saman med leiinga og andre tilsette for å få skoledrifta til å bli så effektiv og god som mogleg. I stillinga som konsulent vil du spesielt få jobbe med budsjettarbeid, rekneskap, løn og fakturering. I tillegg kjem personalarbeid, sentralbord, arkivering, skolebibliotek, administrering av skoleskyssordninga og ymse sakshandsaming. Det kan òg bli aktuelt med IT-support til elevar og tilsette.

Skolen nytter mellom anna Visma, ephorte og Extens i organisering og drift. Frå hausten 2021 vil Visma In School vere det nye administrative systemet.

Krav til kompetanse
Skolen søker primært søkarar med høgskoleutdanning i økonomi og/eller administrasjon. Andre med relevant utdanning er òg velkomne til å søke.

Den som blir tilsett må vere allsidig, fleksibel, initiativrik, strukturert og kunne samarbeide tett med andre. Vi legg elles stor vekt på stabilitet og kontinuitet i arbeidet, og at du er personleg eigna til stillinga.

Tilsette i fylkekommunen skal kjenne prinsippa for klart og godt språk. Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon.

Søknadsfrist: 4.12.20 

Sjå heile utlysningsteksta og søknadsskjema her