Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Ledig stilling som assisterande rektor

Ledig stilling som assisterande rektor

Skolen har ei ledig 100% fast stilling som assisterande rektor. Assisterande rektor er ein del av leiargruppa, og vil fungere som rektor når rektor er fråværande.

Krav til kompetanse
- Høgare utdanning, leiarerfaring og pedagogisk kompetanse
- God innsikt i vidaregåande opplæring og skoledrift

Oppgåver og ansvar
- Overordna ansvar for eksamen
- Personalansvar for ei eller fleire avdelingar på skolen
- Oppfølging av budsjett og økonomi
- Arbeid med stillingsplan, timeplan og anna skoleplanlegging

Skolen nyttar mellom anna Visma, e-phorte, skolearena og Extens i organsisering og drift av skolen. Frå hausten 2019 vil Visma InSchool vere det nye skoleadministrative systemet.

Vi ønskjer ein assisterande rektor som
- er utviklingsorientert, tydeleg og samlande
- har evne til å kommunisere, er initiativrik og har godt humør
- ønskjer å utvikle skolen som organisasjon, og som ein aktiv deltaker i lokalt samfunns- og næringsliv

Vi tilbyr
· Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogeleg tenester
· Introduksjonsprogram
· Leiarutviklingsprogram
· Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
· Fleksibel arbeidstid
· Utvikling for kvar medarbeidar
· Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP/SPK)
· Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Tilsette i fylkeskommunen skal kjenne til prinsippa for klart og godt språk. Skulen nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon.

Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. Den finn du her: https://rekruttering.mrfylke.no/recruitment/jobid/3482?2

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg, sjølv om søkar ber om anonymitet (jf.Opplæringslova §25,2).

Den som blir tilsett må levere politiattest av nyare dato.

Søknadsfrist 9. april 2018