Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Klage på standpunktkarakterar

Klage på standpunktkarakterar

Her finn du informasjon om klage på standpunktkarakterar. 

Kva kan du klage på?

Standpunktkarakterar er eit enkeltvedtak og kan klagast på etter reglane i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. Det kan og klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

Det er ikkje muleg å klage på undervegsvurdering

Ein klage på ein standpunktkarakter begrunna i at eleven ikkje har fått den undervegsvurderinga han eller ho har krav på fører ikkje til at vedtaket blir oppheva. Dette har samanheng med at reglane om klage i kapittel 5 handlar om sluttvurderingar og ikkje undervegsvurdering.

Kven kan klage?

Elevar og føresette til umyndige elevar kan klage. Føresette til umyndige elevar har sjølvstendig klagerett.

Klagefrist

Fristen for å klage på vedtak som gjeld standpunktkarakterar er 10 dagar. Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett. I særlege tilfelle kan ei klage bli behandla sjølv om fristen ikkje er halden. 

Den som har klagerett kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakter. Klagefristen blir då avbroten, og ny frist gjeld frå det tidspunktet klagaren har fått grunngivinga.

Korleis kan du klage?

Klaga må fremjast skriftleg og underskrivast av klagaren. Klaga skal leverast til skolen, som sender dokumenta over til klageinstansen med fråsegn frå faglærar og rektor. Klagar skal ha kopi av dokumenta i klagesaka. Skjema for klage finn du nederst på denne sida. 

Kva blir vurdert?

Ved klage på standpunktkarakterar i fag, eller vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner for karakterfastsetjing er følgde, jf. § 5-12 i forskrift til opplæringslova.

Resultatet av klagebehandlinga kan bli:

  • Ikkje medhald, når klageinstansen vurderer at gjeldande føresegner for karakterfastsetjing er følgde.
  • Oppheva vedtak, når klageinstansen vurderer at det kan vere feil ved saksbehandlinga eller liknande ved fastsetjing av standpunktkarakter. Saka blir sendt tilbake til skolen som behandlar saka på nytt.

I tillegg kan klageinstansen avvise klaga dersom vilkåra for klage ikkje er tilstade. Dersom skolen avviser klaga er dette eit vedtak som kan klagast på. Klagefristen er då 3 veker.   

Når klageinstansen opphevar vedtaket om standpunktkarakter og sender saka tilbake til skolen for ny behandling, kan skolen bestemme at

  • Karakteren blir ståande
  • Karakteren går opp
  • Karakteren går ned

Avgjerda skal grunngjevast. Den er endeleg, og kan ikkje klagast på.

Den endelege standpunktkarakteren skal førast på eleven sitt vitnemål eller kompetansebevis.

Klage på ordens- eller åtferdskarakter

For klage på standpunktkarakterar i orden og i åtferd er det klageinstansen som set endeleg karakter, jf. § 5-13 i forskrift til opplæringslova.

For meir informasjon om klage på standpunktkarakterar, sjå: https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Vurdering/behandling-av-klager-pa-standpunktkarakterer-i-fag/ og https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/Eksamen-og-vurdering/Klage-paa-standpunktkarakter 

For meir informasjon om standpunktkarakterar, sjå: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/vurdering/sluttvurdering/standpunktvurdering/

Skjema for klage på standpunktkarakter kan lastes ned her (pdf)