Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Informasjonsmøte til foreldre og føresette

Informasjonsmøte til foreldre og føresette

Onsdag 30. september kl 19.00 – 21.00 inviterer vi foreldre og føresette til elevar på vg1 og vg2 til informasjonsmøte i kantina på Surnadal vidaregåande skole.

For å kunne oppretthalde smittevernreglane på best muleg måte, sett vi ei begrensning på ein føresett per elev.Invitasjonen blir sendt som ranselpost til alle elevar under 18 år.Vi ber om at dykk fyller ut svarslippen og returnerer til kontaktlærar innan måndag 28. september.

Møtet blir arrangert i samråd med kommunelegen. 

Agenda: 

1. Velkomen

2. Skolehelsetenesta

Etter dette går føresette til elevar på vg2 til klasserommet saman med kontaktlærar.

3. Heimesida www.surnadal.vgs.no og facebooksida

4. Skolearena og itslearning

5. Foreldresamarbeid

- Forskrift til opplæringslova; vurdering

 - Ordensreglementet

- Opplæringslova §9A (elevanes skolemiljø)

- 10% fråværsgrense

 6. Rådgjevingstenesta

 7. Orientering om skoleutvalet (føresette til vg1-elevar skal velje ein representant og ein vararepresentant til skoleutvalet)

8. Val til skoleutvalet

9. Program-/trinnvis informasjon

Vel møtt!

Vennleg helsing

Mons Otnes,
rektor