Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Informasjon til føresette om ungdata-undersøkinga i Surnadal kommune

Informasjon til føresette om ungdata-undersøkinga i Surnadal kommune

I 2020 blir Ungdataundersøkinga gjennomført i Surnadal kommune blant elevar i den vidaregåande skulen. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen i Surnadal kommune, er det viktig at så mange som mogleg deltek.

FØREMÅLET MED UNDERSØKINGA
• Gje ungdommar som går på vidaregåande skule i Surnadal kommune ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i lokalmiljøet.
• Skaffe ny kunnskap om ungdommen sine oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylket sitt arbeid med denne aldersgruppa.
• Gjere det mogleg å samanlikne med andre kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.

KORLEIS BLIR UNGDATA GJENNOMFØRT?
• Det er sett av éin skuletime til å svare på undersøkinga.
• Undersøkinga blir gjennomført elektronisk ved at ein loggar seg inn på svarsida til Ungdata med ein tilfeldig eingongskode.

KVA VI SPØR OM I UNGDATA
• Forhold til skulen, venner og foreldre
• Fritid og fritidsaktivitetar
• Helse, trivsel og livskvalitet
• Mobbing
• Seksualitet
• Regelbrot, vald og rusmiddelbruk
• Utdanningsnivået, den økonomiske situasjonen, landbakgrunnen og busituasjonen til foreldra.
Du kan få tilsendt det fullstendige spørjeskjemaet ved å kontakte Kompetansesenter rus - Midt-Norge (KoRus ).

TID OG STAD FOR UNDERSØKINGA
Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 10 og 11. 

DET ER FRIVILLIG Å DELTA
• Undersøkinga er frivillig
• Dei som svarer, kan hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.
• Føresette kan reservere seg mot at barna deira skal delta ved å gje melding til kontaktlæraren.

PERSONVERN
• Deltakarane sine svar vil bli behandla konfidensielt. Det vil seie at berre forskarar og rådgjevarar i prosjektet og firmaet som registrerer dei elektroniske svara, vil få tilgang til svara.
• Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att nokon som har svart når resultata frå undersøkinga blir offentleggjorde.
• Forskingsdata som inneheld moglege indirekte personopplysningar, vil bli oppbevarte på eit sikkert område fram til utgangen av 2024. Etter det vil alle opplysningane bli anonymiserte.
• Ungdataundersøkinga er godkjend av personvernombodet ved OsloMet (personverombudet@oslomet.no).
• Datasettet vil ikkje innehalde direkte personopplysningar, og det vil difor heller ikkje vere mogleg å få ein deltakar sine data retta eller sletta i etterkant av undersøkinga.
• NOVA behandlar opplysningane basert på samtykke frå deltakarane.

ANSVARLEGE FOR UNDERSØKINGA
Ungdatakoordinator: Ungdomskontakt Kristin Børset tlf: 911 59 310, e-post: kristin.boerset@surnadal.kommune.no 
Kontaktperson ved KoRus: rådgiver Kolbjørn Gjære tlf: 960 34 148, e-post: kolbjorn.gjere@stolav.no.

KONTAKTINFORMASJON
Undersøkinga blir gjennomført av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet og KoRus på oppdrag frå Surnadal kommune.