Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Holten tilsett som assisterande rektor

Holten tilsett som assisterande rektor

Kristin Holten (49) har takka ja til stillinga som assisterande rektor ved Surnadal vidaregåande skole. Ho tek over etter Anna Ingeborg Nordvik som blir pensjonist i sommar.

Holten har vore tilsett som lærar på Surnadal vidaregåande skole sidan skoleåret 1996-97. Frå skoleåret 2013-14 har Holten fungert som avdelingsleiar for helse- og oppvekstfag og byggfag.

Ho tek til i stillinga 1.8.18.