Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter

Elevundersøkinga

Skulen gjennomfører elevundersøking for alle elevar i veke 49 og 50. Undersøkinga er obligatorisk i Møre og Romsdal fylkeskommune, og blir gjennomført for at elevane skal få si sin meining om læring og trivsel på skulen.

Les meir

Ny elevrådsleiar

Reidar Johansson er valt som elevrådsleiar for skuleåret 2016/2017.

Les meir

Powerpointpresentasjon

Her finn du powerpointpresentasjonen som vart bruka under informasjonsmøtet til 10. klassingane 20. september 2016.

Les meir

Informasjonsmøte for føresette

Måndag 29. august kl 19 - 21 inviterer vi føresette til elevar på vg1 og vg2 til informasjonsmøte i kantina på Surnadal vidaregåande skole.

Frå skolen møter leiinga og kontaktlærarar. 

1. Informasjon om skolen 

2. Heimesida www.surnadal.vgs.no og facebooksida

3. Skolearena og Fronter

4. Foreldresamarbeid 

- Forskrift til opplæringslova; vurdering

 - Ordensreglementet

- 10% fråværsgrense 

 5. Rådgjevingstenesta 

 6. Skolehelsetenesta 

 7. Orientering om skoleutvalet (føresette til vg1-elevar skal velje ein representant og ein vararepresentant til skoleutvalet)

8. Kaffepause

9. Val til skoleutvalet

10. Program-/trinnvis informasjon

Vel møtt!

Les meir

Fråværsgrense i vidaregåande

Frå 1. august gjeld ei fråværsgrense på 10% i vidaregåande skole. Denne grensa gjeld per fag. Elevane vil få informasjon om den nye fråværsgrensa ved skulestart. I tillegg blir det foreldremøte med dette som tema.

Fråværsgrensa i korte trekk

Ein viser til forskrift til opplæringsloven § 3-3 siste ledd og forskrift til friskoleloven § 3-3 siste ledd.

  • Elevar i vidaregåande skole skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.
  • Dersom ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje setje slike karakterar.
  • Eleven må leggje fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unntatt frå fraværsgrensa.
  • Dersom eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og fråværsårsaka gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at han eller ho likevel får karakter.
  • Fraværsgrensa gjeld timefråvær i enkeltfag, ikkje elevanes totale fråvær.
  • Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.

Her finn du meir utfyllande informasjon frå UDIR om fråværsgrensa.

Vi kjem tilbake med dato for foreldremøtet.

 

Les meir

Første skuledag

Første skuledag etter sommarferien er måndag 22. august kl. 09.00. Elevane på vg1 møter i kantina. Elevane på vg2 og vg3 møter på klasserommet (sjå oppslag på tavla ved kantina). Velkommen til eit nytt skuleår!

Les meir

God sommar!

Vi ønskjer alle våre elevar ein riktig god sommarferie! Kontoret er stengt i veke 29 og 30. Ellers er det opent måndag til fredag frå kl 8.00 - 15.30.

Les meir

Klage på standpunktkarakterar

Alt du treng å vite om klage på standpunktkarakter og skjema for utfylling finn du på fylkets heimeside:

Les meir

Eksamensplan

Her er oversikta over eksamensdatoar for våren 2016.

Les meir

Under 18 år? No kan foreldra dine signere for stipendet ditt digitalt

Er du under 18 år og får stipend frå Lånekassen, må ein av foreldra dine signere for deg. No kan dei signere raskare enn før, sidan dei kan signere digitalt.

Les meir