Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Elevtenester > Skoleskyss

Skoleskyss

Skoleskyss vidaregåande skole

Her finn du svar på spørsmål om skoleskyss for vidaregåande skole. Skyssreglementet gjev utfyllande informasjon. Du får og informasjon på din skole.Skyssreglementet er tilgjengeleg på Møre og Romsdal fylke, samferdselsavdelinga si nettside:

HAR EG RETT PÅ SKOLESKYSS?

Møre og Romsdal fylke syter for dagleg skyss eller yter skysstilskott til elevar som er heimehøyrande i fylket og

som går i vidaregåande skole. Vilkåret er at du:

1. Bur over 6 km frå skolen. Hybel er å rekne som bustad. Avstanden blir rekna etter kortaste farande veg,

slik attil dømes gangvegar blir rekna med.

2. Er funksjonshemma - varig eller mellombels grunna skade/sjukdom - og har attest frå lege om at du treng

skyss. Sjå elles eige punkt.

3. Må reise med båt. Skyss blir gitt utan omsyn til avtand mellom bustad - skole

Dersom du er lærling eller får lønn under utdanning, har du ikkje rett på skyss. Lærlingar er å sjå som arbeidstakarar.

Dette er ein link til Møre og Romsdal fylkeskommune sine sider om skoleskyss:

http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Samferdsel/Skoleskyss/(language)/nno-NO 

Skyssreglementet finn du her:

Kontaktpersonar

Mette Helen Mikkelsen
Konsulent
71 28 44 55
Send e-post