Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Elevtenester > Eksamen og vurdering

Eksamen og vurdering

Her finn du nyttig informasjon om eksamen. 

Trekkordning for eksamen

Vg1 studiespesialisering: Cirka 20% av elevane blir trekt ut til eksamen i eitt fag - skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk
Vg2 studiespesialisering: Alle elevar blir trekt ut i eitt fag - skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk. 
Vg3 studiespesialisering: Alle elevar skal skal opp til fire eksamener, 1 obligatorisk eksamen i norsk hovudmål og tre trekkfag, der minst ein av dei skal vere munnleg eller munnleg-praktisk. 
Vg3 påbygning til generell studiekompetanse: Alle elevar skal opp i tre eksamener, 1 obligatorisk eksamen i norsk hovudmål og 2 trekkfag, der ein av dei skal vere munnleg eller munnleg-praktisk.
Vg1 og vg2 yrkesfag (EL, HO, TIP, BA): Alle elevar på vg2 skal opp til ein tverrfagleg eksamen i programfag. I tillegg skal cirka 20% av elevane på vg1 og vg2 trekkes ut til eksamen i eitt fag. Andelen på 20% skal sjåast over ein toårs-periode. 

Offentliggjering av trekk

Tysdag 15. mai kl 09.00 for alle skriftlege eksamener. Oppslag henges opp på tavla ved elevkantina etter offentleggjering i auditoriet. 

Offentleggjering av sensur

Sensur for skriftleg sentralgitt eksamen våren 2018 er 19. og 20. juni. Resultatene blir offentleggjort i Skolearena. Kontoret på skolen kan gje deg resultatet om du ikkje finn fram i Skolearena (tlf 71 28 44 04 - Mari). 

Ny, utsatt og særskilt eksamen

Utdrag frå Forskrift til opplæringslova om ny, utsatt og særskilt eksamen:

§ 3-33. Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

§ 3-34. Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

§ 3-35. Utsett eksamen for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring
Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved ordinær eksamen og særskild eksamen, eller ein elev som har dokumentert fråvær ved ny eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Fråvær frå eksamen blir rekna som dokumentert når eleven eller privatisten er hindra frå å møte til eksamen, hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Eleven eller privatisten må leggje fram dokumentasjon på dette.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på nytt. 

Eksamen