Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skole må ha eigen PC. Som elev på Surnadal vgs kan du få kjøpt ein berbar PC av merket Dell Latitude 3400. Den fylkeskommunale PCen har 3 års garanti og uhellsforsikring.

PCen betalast i form av ein årleg eigenandel som tilsvarar den lågaste satsen for Lånekassens utstyrrstipend, som for skoleåret 2020-21 er på 1071,- . Etter tre år er PCen nedbetalt.

Er du elev på vg1 teknikk- og industriell produksjon og har Mac? Erfaringa viser at det ikkje er muleg å laste ned diverse program til Mac som du treng i skolekvardagen din. Vi anbefalar derfor at du nyttar PC til skolearbeid. 

Frist for å bestille elev-PC er 1. september, og du må bestille via nettsida skolestart.mrfylke.no.

Les meir om PC-ordninga her