Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Bibliotek > Skolebiblioteket

SKOLEBIBLIOTEKET

Skolebiblioteket er plassert sentralt i nybygget, dvs. det er det første ein ser når ein kjem inn hovudinngangen.

Skolen har ikkje skolebibliotekar, så konsulentane (Mari Vattøy og Inger Johanne Iversen) har fått ansvaret for biblioteket. Skolebiblioteket er ope heile skoledagen. I biblioteket er det arbeidsplassar og datamaskinar, skrivar og kopieringsmaskin. Den "stille" lesesalen ligg vegg i vegg.

Bokstammen er i underkant av 5000 objekt. Alle bøkene er registrert i biblioteksystemet Bibliofil.  Kvar elev som blir registrert som lånar, får bibliotekkort i plast som kan nyttas i alle bibliotek i Norge. Om du allerede har eit slikt felles nasjonalt lånekort,så kan du sjølvsagt nytte det i skolebiblioteket. Utlånet forgår frå skranken som er felles for biblioteket og skolekontoret.
Alle kontaktlærarane event. norsklærarar er oppfordra til å ta med basisgruppa (klassen) si for orientering i/om skolebiblioteket så raskt som muleg etter skolestart. Dei har tatt imot tilbodet, og mange av elevgruppene har allereie vore til orientering, og fleire har tinga "time". Orienteringsrunden fører også til at mange registrerer seg som lånarar.

Sjølv om biblioteket er heilt ope (ikkje avgrensa av vegger og dør), ser det ut som om vi har mindre svinn av bøker no, enn da skolebiblioteket var plassert i stengt rom med lite opningstid.

Vi håpar at riktig mange blir faste brukarar av skolebiblioteket både som lånarar, lekselesarar og gruppearbeidarar.

Skolebiblioteket er opent kl 08.05 – 15.30 måndag – fredag.

    SØK I VÅR BIBLIOTEKBASE HER

websøk

 

Skolebibliotekets utlånsreglar   

Alt du låner på skolebiblioteket, også lærebøkene, er skolen sin eigendom.  Det du låner skal innleverast til avtalt tid og i god stand. Det betyr at du ikkje skal skrive, streke under eller bruke markørtusj i bøkene. Bøkene skal ikkje mangle sider, ha vatnskade, vere tilgrisa eller på annan måte ha meir enn normal slitasje. 

Lærebøker: For å hindre forbytting og unødig slitasje bør lærebøkene få på bokbind, og dei skal merkast med namnet ditt i permen av boka. Du er sjølv ansvarleg for alt som blir lånt på lånekortet ditt. Dersom det du har lånt går tapt eller blir øydelagt, må det erstattas. Dersom materiellet framleis ikkje blir levert, eller rekninga ikkje blir betalt, vil inkassokrav bli vurdert.                

Når du oppheld deg i biblioteket ber vi om at du følgjer desse reglane: 

  • Det er forbode med mat og drikke i biblioteket.
  • Stolane skal setjast på plass etter bruk.
  • PCane i biblioteket skal ikkje brukast til spel.
  • Slå av lyden av PC, musikkavspelar o.l.
  • Rydd på plass spel etter bruk. Kortstokkar skal leverast på kontoret.
  • Snakk med låg stemme.

NB! Brot på skolereglementet fører til orden og/eller åtferdsmerknad.

A6564740

Kontaktpersonar

Mari Vattøy
Konsulent
71 28 44 04 / Mob. 410 03 438
Send e-post
Mette Helen Mikkelsen
Konsulent
71 28 44 55
Send e-post